Meny:
Startsiden
   
H 121  

Ap kan ikkje innfri løftene

Første gang lagt ut: 24.08.2003

 

Intervju med Fritz C. Holte i Bergens Tidende 17. august 2003

- Ap lovar sterk reduksjon i arbeidsløysa om partiet får oppslutnad om politikken sin. Men løftene kan ikkje oppfyllast. Vi vil slite med vedvarande høg arbeidsløyse.

VIDAR YSTAD

vidar.ystad@bt.no

Oslo

Professor i sosialøkonomi, Fritz C. Holte, som seier dette til Bergens Tidende, grunngjev konklusjonane sine med at handlefridomen for Noreg er sterkt avgrensa på grunn av internasjonale bindingar. Handlingsrommet for vår eigen politikk er sterkt avgrensa på grunn av frihandel og internasjonale avtalar.

På eige initiativ gjev han nå ut eit hefte mynta på valkampen med tittelen "Løftene kan ikke innfris". Her går han i rette med påstandar og løfte som fleire av partia dels har kome med, eller som han ventar vil bli servert i valkampen.

Måndag blir arbeidsløyse og sysselsettingspolitikken teken opp som tema under eit direkteoverførd folkemøte i NRK frå Bergen.

Holte meiner politikarane må bli meir ærlege om ein skal unngå at politikarforakten brer endå meir om seg med sviktande valdeltaking som resultat. Konsekvensane vil vere øydeleggande for demokratiet, meiner han.

- Sidan Ap har marknadsført seg som partiet som er mest oppteken av arbeidsløysa og partiet som har resepten på å få ned arbeidsløysa, vil eg utfordre partiet nett på desse spørsmåla: Men også dei andre parti kan kritiserast for å gje veljaren eit feil inntrykk av kva mogelegheiter dei har for å redusera arbeidsløysa.

- Eg har merka meg at stortingsrepresentant og tidlegare finansminister frå Ap, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, har slege fast at arbeid for alle er viktigaste oppgåve for Ap. Han har lista opp ei rad tiltak, men utan å seie noko om kva det vil koste viss ein skal nytte desse tiltaka. Det er opplagt at det vil koste mykje for staten. Ein kjem ikkje langt med nokre få milliardar kroner i denne samanhengen.

- Eg vil difor utfordre Ap: Kor mykje ynskjer Ap å bruke på sysselsettingstiltak og korleis vil ein finansiere tiltaka? Ap har sagt at dei ynskjer auka skattar for dei rikaste, men det rekk ikkje langt for å kunne få bukt med arbeidsløysa. Alternativet er meir bruk av oljepengar. Men her har Jens Stoltenberg gjort det klart at Ap ikkje ynskjer meir bruk av oljepengar enn den såkalla handlingsregelen opnar for. Difor er også den vegen stengd, seier Holte.

Holte viser til at både Statistisk Sentralbyrå, Noregs Bank og Finansdepartementet reknar med at arbeidsløysa vil halde seg på godt over 100.000 ledige i år og dei komande to åra, slik kursen i dag ser ut.

- Det er difor endå meir påtrengande å få vite kva for verkemiddel og økonomiske ressursar Ap vil setje inn for å få arbeidsløysa ned så det monnar, meiner Holte.

- Dei må i det minste kunne seie noko om kva slags storleiksorden dei opererer med, legg han til.

- Du seier at norske politikarar ikkje har handlingsrom for å kunne gjere noko drastisk med arbeidsløysa. Kva tiltak vil du sjølv tilrå?

- Vi må vinne tilbake eit spelerom for norsk økonomisk politikk. Det kan ikkje skje innanfor eit system med utprega frihandel og frie kapitalrørsler. Marknadsliberalismen er inga løysing, seier Holte.

I fjor gav han ut ei bok der han skisserte sitt alternativ. Her tok han til orde for å innføre eit system som skulle gje kontroll med kapitalrørslene, valutastyring og devaluering. I dette systemet vil Noregs Bank få ei meir sentral rolle enn i dag.

 


 Webmaster: John Vedde.   Har du innspill til denne artikkelen, kontakt Fritz C. Holte.